Main fundraiser photo

Sindre Rørstadbotnen Weightlifter

Donation protected
Sindre Rørstadbotnen mot Olympiske leikar i Tokyo 2020

Hei alle vener av norsk idrett og vektløfting

Eg heiter Sindre Rørstadbotnen og eg er ein kar på 24 år, frå vektløftarbygda Naustdal, i Sogn og Fjordane. Eg kjem til å be deg om ei teneste – men først vil eg fortelje dykk litt om meg.

Sidan eg var 9 år gamal har vektløfting vore min store lidenskap. Eg har konkurrert aktivt i mange år, og har oppnådd mange av mine mål: Eg har både norsk og nordisk rekord i støyt for ungdom, og eg er norsk og nordisk meister for både junior og senior. Rekordane mine er 146 kg i rykk og 187 kg i støyt.

Etter 14 år med hard trening er eg klar for å ta eit nytt steg. I 2018 skal eg vinne kongepokalen som beste løftar i Norge. Men eg har eit større mål også: Deltaking i OL i 2020 i Tokyo. I fjor hadde vi EM-i vektløfting på heimebane, der eg løfta mot dei beste i Europa, for fulle tribuner og stor jubel. Når eg tenker på det får eg gåsehud – og så mykje motivasjon for å delta i OL at eg lengtar etter neste trening før eg har komme heim frå den føregåande.

For ein idrettsutøvar er OL det største ein kan vere med på. Alt eg gjer er sikta inn mot å kvalifisere meg. Og når eg endeleg står på plattingen skal eg vere i mitt livs form: og då blir eg den første nordmann støyter 200 kg, med ei kroppsvekt på 105 kilo. Og når det skjer, då har eg allereie gjort det i tankane 1125 gangar – for det er talet dagar til det skal skje.

Men det krev tre år med gjennom enorme mengder hard trening. Eg må innrette livet mitt 100 prosent etter optimal trening og restitusjon. Eg veit eg skal klare å komme meg til Tokyo, og støyte 200 kg. Men det krev at eg kan fokusere meir på trening, og mindre på jobb.

Mine hardaste konkurrentar er 24/7–utøvarar. Livet deira er til rette lagt for eit mål: Å prestere på sitt beste i OL. Dei slepp tenke på kvardag og jobb – deira jobb er å trene, ete, restituere og optimalisere liva sine i høve den eine dagen dei skal løfte om 3 år.

Jo mindre energi og fokus eg må bruke på arbeid – jo betre fokus på trening og restitusjon. Det krev at eg jobbar mine, for å kunne trene og restituere betre. Det gjer at økonomien blir hardare. Og pengar må ein jo ha, blant anna til maten som krevjast for å halde kroppsvekta på 105 kilo når ein trener mange timar kvar dag.

Vektløfting er ein liten idrett i Norge– men enorm på verdsbasis. Det er hardt for norske løftarar å få nok sponsormidlar til å satse fullt ut. Og då står vi ved tenesta eg vil be deg om. Eg prøver på uttradisjonelt vis å bli sponsa av deg – altså heilt vanlege folk. Det sit langt inne for ein beskjeden sunnfjording – men så sterk er draumen dei olympiske leikane.

Om du har lyst å hjelpe til med å oppfylle ein draum – min draum– og skape norsk vektløftarjubel under OL 2020 –ber eg deg støtte meg med nokre kroner. Kvar av dei vil bli brukt til å kjøpe meg fri frå jobb og auke kvaliteten på trening fram mot OL.
Bli med på Team Røris mot Tokyo, og lat oss saman sette Norge og Naustdal tilbake på vektløftarkartet.
Og eg lovar: Kvar ei krone eg får, blir betalt for med sveitte, innsats og knallhard trening – dei neste 1125 dagane. Eg ville sette enorm pris på det – og når eg støyter 200 kg i Tokyo – veit du at du er ein del av rekorden.
Følg gjerne karrieren min her:
https://www.facebook.com/teamroris/




Hey! My name i Sindre and i am from Norway, I have been training since i was 9 years old and compeeting for many years! I have reach many of my goals but i want something more! The most important for me is the Olympic games 2020, it`s the biggest goal i have and i need to start thinking of the way for that goal.  

More training and less job = hard economy! 
I want to be 24/7 athlet and train allot more then i do now. On the road to Tokyo i want to be the first Norwegian with a 200 kilos clean and jerk att 105 kilos bodyweight! For me this is possiable but i need money for manage this goal!  

I have a Norwegian and Nordic record in Clean and jerk. (youth)
Norwegian, Nordic champion in the youth, junior and senior category.  In 2018 i will take the overall price in Norway! 

My best lift`s is Snatch 146 kg - Clean and Jerk 187kg. 

https://youtu.be/u5VsDkMQ72c
Donate

Donations 

  • Marie Doreen Thune
    • kr250 
    • 7 yrs
Donate

Organizer

sindre rorstadbotnen
Organizer

Begin your fundraising journey

Create a fundraiser for any person, cause, or nonprofit - it's free and every cause matters.

Your easy, powerful, and trusted home for help

  • Easy

    Donate quickly and easily.

  • Powerful

    Send help right to the people and causes you care about.

  • Trusted

    Your donation is protected by the  GoFundMe Giving Guarantee.